Fjord RIB adventure

Bli med Adventure Tours Norway i Skjolden på «Fjord RIB Adventure», og opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å tilby!

Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over Lustrafjorden i ein komfortabel RIB-båt. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall sett frå fjorden, samt høyre guiden fortelje om området og dele lokale historier.

Turen startar ved Skjolden Brygge og går vidare langs nordsida av Lustrafjorden. De får fin utsikt over kjende attraksjonar som til dømes Gamle Lerum saftfabrikk, den gamle handelsstaden Marifjøra, og tidlegare Luster sanatorium, Harastølen. Eit av høgdepunkta på turen er utsikta mot den 218 meter høge Feigefossen. De gjer korte stopp for å ta bilete og høyre litt lokal historie. Undervegs kan de møte på nysgjerrige kobbar og niser som dukkar opp for å helse på. På vegen tilbake går de langs sørsida av fjorden og opplever nye fjell og fossefall.

-   Ein enkel timestur på fjorden. Flytedress, redningsvest og slalombriller inkludert.
-   Sesong: Mai-oktober.

 

Meir informasjon: www.adventuretours.no eller e-post: post@adventuretours.no